Det er ikkje ofte det er rift om plassane på første rad i møtesalen, men i dag var elevar og tilsette på plass i god tid. KrFU-laget ved skulen har verva så mange nye medlemmer at dei vann eit besøk av partileiar Høybråten.
Framfor ein fullsett møtesal fekk han halda ein kort appell, der han la vekt på saker som menneskeverd, aktiv livshjelp og å stilla opp for dei som slit, både i Noreg og i andre land. Førstekandidaten snakka òg om kor viktig det er at skulen har fokus på å formidla den kristne kulturarven.
– Dykkar generasjon representerer moglegheiter til å gjera noko med to store utfordringar i verda, nemleg ekstrem fattigdom og ekstremt vêr, sa Høybråten til elevane, før han avslutta appellen med ei direkte oppmoding til ungdommane om å tenkja større. – Engasjer dykk, bry dykk! Me kan ikkje berre tenkja på oss sjølve.
Etter appellen vart det stilt spørsmål frå salen, og Høybråten svara blant anna på korleis han opplevde det å få gjennomslag for røykjelova, kva KrF vil gjera for å få ned aborttala, synet på ekteskapslova, kampen mot fattigdom og kva KrF vil gjera for den norske bonden.
Etter fellessamlinga fekk KrFU-laget høyra Høybråten snakka om kvifor det er viktig å engasjera seg.
Marit Fauskanger Pedersen, VG3-elev og leiar for Ølen KrFU, er strålande fornøgd med dagen.
– Det har vore så utruleg bra. Dagfinn hadde ein god appell og var flink til å snakka til elevane. Eg er glad for at me vann denne premien, konkluderer ho.
Besøket vart innleidd med felles lunsj med personalet.





















