logg inn eller søk:
Album Filmer Arkivet

“Kroken” tek form

Anne Karine Stautland 13. april 2011
Det går framover med utbygginga av “kroken”.
352
Frå hausten av blir dette ein del av det nye lunsj-rommet for personalet ved skulen. Foto: Anne Karine Stautland

Før jul kunne me fortelja at ein hadde støypt grunnmuren i dei nye lokala. No gir vaktmeister Magnus Samdal oss ei oppdatering på korleis arbeidet ligg an.
– Me har lagt kablar for vannboren varme og støypt over, fått opp reisverk, bereveggar og sperr. Taket er tetta, det same er veggene utvendig. Isolering er på plass og elektrikaren er i ferd med å gjera seg ferdig, forklarer han.
Rett etter påske vil òg røyrleggjararbeidet vera ferdig, og då kan ein ta til med plating av veggene innvendig.

Når me er på synfaring på byggjeplassen, er vaktmeister Arve Erichsen snart klar for å leggja golvbelegg i eitt av dei nye romma. Elles ventar ein på ventilasjon og på å få lagt takstein.

Tidlegare denne veka var det ikkje vanskeleg å høyra at det gjekk for seg arbeid. Vaktmeistrane skar og bora seg då gjennom veggen i hovudgangen, slik at det no er plass til å setja inn dør mellom nytt og eksisterande bygg. Planen er å riva veggen mellom den gamle og den nye "kroken" i sommar.

I tillegg til større lunsj-rom for personalet, vil ein òg få på plass toalett og dusjfasilitetar for kjøkken- og reinhaldspersonalet, eit lagerrom for bord og stolar, samt fleire toalett som skal vera tilgjengelege frå hovudgangen.

Planen har vore at dei nye lokala skal vera klare til bruk til neste skuleår.
– Har den kalde vinteren ført til forseinkingar i arbeidet?
– Me hadde litt problem i vinter med å få støypt på grunn av frost og ein del nedbør, men me reknar med å vera ferdige til skulestart, seier Magnus Samdal.
 

Her kan du sjå fleire bilete.

Nyheter fra lvs.no

Her finner du de siste nyhetene fra lvs.no.
Abonner på nyheter fra lvs (RSS)

Follow_on_twitter_small   Follow_on_facebook_small

De 10 neste hendelsene