- Me må ikkje vera så opptekne av å bekymra oss. Det er mange andre, mykje hyggelegare aktivitetar ein kan halda på med.
Gullkorna sit laust når Ingvard Wilhelmsen står på podiet. Legen frå Bergen er spesialist i psykiatri, og har blant anna drive Noregs einaste klinikk for hypokondrar. Onsdag tok han òg opp tema som angst for døden og sosial angst. Wilhelmsen heldt to føredrag, eitt for elevane på Lundeneset tidleg på dagen, og eitt påmelde frå heile kommunen seinare på kvelden. Det sistnemnde var i regi av Vindafjord Arbeidsgiverforum (VAF).
- Mange går og er redde for kva andre tenkjer om seg. Dette er noko eg meiner me ikkje skal tenkja for mykje på, for ein får ingenting igjen for det. Til og med Kong Harald hadde slik sosial angst då han var yngre. Me må prøva å tenkja på at folk ikkje er så opptekne av oss som me trur sjølv, sa Wilhelmsen.
Ved hjelp av lun, bergensk humor og ironi, kom Wilhelmsen raskt på nett med dei frammøtte på Lundeneset denne dagen.
- Etter at Kongen vart behandla for kreft for nokre år sidan, fekk han spørsmål om han ikkje nokon gong var redd for å bli sjuk igjen. Då svara han: “Nei, eg er ikkje det, for eg er frisk til det motsette er bevist”. For mange på hypokonderklinikken er det motsett, dei er sjuke til det motsette er bevist, fortalde professoren.
Under temaet angst, kom han inn på at me må tola å leva litt i uvisse. Men dette er ikkje noko som skal stressa oss eller skræma oss: - I svært mange situasjonar i livet handlar det om at me må velja å tru at ting går bra.
- I staden for å bruka livet til å ikkje døy, burde me heller bruka tida me har fått på å leva, oppmuntra Wilhelmsen.





















