Den inste delen av foajeen i gymbygget er kledd inne i svart filt. Gløttar ein innanfor ser ein lyskastarar, fleire kamera, ein sofa med gjester og programleiarar. Bak studio sit elevar og kontrollerer biletmiks. Programmet blir redigert på direkten. Akkurat som på riksdekkande fjernsyn.
- Veldig kjekt å vera med på. Me lærer mykje, seier elev Espen Tveit frå Sauda. Han har hatt ansvar for eitt av kameraa under produksjonen.
Sjå biletserie frå produksjonen her.
Og snart er det faktisk ramme alvor. I byrjinga av november reiser nemleg heile medieklassen til Oslo for å hjelpa til med å formidla frå misjonskonferansen Frontline på storskjerm til deltakarane, og på nett-tv til dei som ikkje deltek på konferansen. I tillegg følgjer naturlegvis oppgåver som rigging og nedpakking av utstyr.
- Me har fått erfara at det er viktig med kommunikasjon når me er fleire som arbeider med det same. Eg må heile tida vita når kameraet eg opererer er på, seier Espen.
Medielærar Gunstein Landro er særs nøgd med elevane sin innsats:
- Eg synest dei er svært flinke når ein tenkjer på at dei ikkje har gjort dette før. Dei har kost seg og er veldig gira på å få dette til. Eg trur dei blir godt budde til Frontline gjennom dette, seier Gunstein Landro.





















