logg inn eller søk:
Album Filmer Arkivet

Mange vil driva barne- og ungdomsarbeid

Helge Johan Stautland 29. oktober 2011
Mange elevar på Lundeneset vil vera med å gi ei hjelpande hand til barne- og ungdomslag i bygdene rundt skulen.
385
Håvard Brekkå (t.v.) er glad for at så mange på Lundeneset vil engasjera seg i kristent arbeid. Her saman med Anne Lise Malum (nr. 2 f.v.), Eva Thingbø og Andreas Solbakken. Desse tre er med og driv ein ungdomsklubb i Sauda. Foto: Helge Johan Stautland
- Me synest dette er veldig kjekt og givande å vera med på, seier Eva Thingbø, Anne Lise Malum og Andreas Solbakken (VG3). Dei er med å driva ungdomsklubben “Gnisten” i Sauda, og reiser over éin time kvar veg.
 
Håvard Brekkå er teamkoordinator for Lundenes-team. Han byrja i den nye delstillinga som teamkoordinator i haust. Oppgåvene er å setja saman team av ungdommar som kan reisa rundt til nye og eksisterande lag i område aust av Region Sørvest av NLM. 
 
- Til saman er over 50 elevar er med på team-arbeidet, seier Brekkå.
 
Mangfaldig arbeid
Arbeidet ungdommane frå Lundeneset er med på, er variert. Medan nokre reiser til Sauda, er andre engasjert i barnelagsarbeid på Bjoa. Konfirmantarbeid på ulike stader er òg noko mange er med på. Snart vil det bli etablert ei besøksgruppe til fengselet i Sandeid.
 
Brekkå understrekar at det ikkje er nytt at elevar på Lundeneset er med på kristent arbeid i distriktet. Det nye er at opplegget er litt meir systematisk og heilskapleg, og at regionen har sagt at dei vil ha ei eiga delstilling til dette planleggingsarbeidet.
 
- Eg plar skildra dette arbeidet som ein vinn, vinn, vinn-situasjon, seier Brekkå, og utdjupar: - Bygdene får barne- og ungdomsarbeid, ungdommar får leiartrening og utfordringar og Lundeneset blir betre kjent og får truleg nye støttespelarar og søkjarar. 
 
Treng bil
- Kvifor trur då responsen på Lundeneset har vore så stor?
 
- Eg trur mange vil vera med fordi dei ser at dei treng utfordringar. Dette er sunt for kristenlivet til tenåringar. Det er viktig at dei får trening i å ta ansvar, seier Håvard Brekkå.
 
- Ei anna viktig side ved dette, er at nokon i kvart team må ha førarkort på bil, og gjerne tilgang på bil. Det siste er gjerne den største utfordringa, seier Brekkå. Han deler denne utfordringa med lesarane: - Er det nokon som har ein bil i køyrbar god stand som dei kan gje som gåve til dette arbeidet? Då kan dei ta kontakt med meg her på Lundeneset, telefon 416 99 501, avsluttar Brekkå.

Nyheter fra lvs.no

Her finner du de siste nyhetene fra lvs.no.
Abonner på nyheter fra lvs (RSS)

Follow_on_twitter_small   Follow_on_facebook_small

De 10 neste hendelsene