- I Roma fekk me oppleva både historie og moderne storbyliv. Vêret var nydeleg alle dagane, rapporterer Håvard Brekkå, som hadde med seg 40 elevar til “den evige stad”. I Roma besøkte dei sentrale historiske bygningar og ruinar frå tida før Kristus, då Roma var sentrum i verda, og fram til i dag.
- Katakombane fekk oss til å tenkja på dei første kristne, og marknaden på Campo del Fiori gav oss innblikk i dagens folkeliv. Det vart også tid til handel og kos med deilig italiensk is i sola, held Håvard fram.
Tok toget
Ei gruppe jenter reiste på interrail med Rolf Hauge, Silje Malene Garvik og Dagfinn Våge.
- Trass i at me måtte gjera vendreis i Skagerak på grunn av storm, og ta fly til Amsterdam i staden, vart interrailturen svært vellukka. Det faglege fokuset på vår studietur var blant anna jødeforfølginga og europeisk arkitektur, seier Dagfinn.
Dei togreisande besøkte blant anna Anne Franks hus, Holocaust Memorial Information Center og konsentrasjonsleiren Sachsenhausen. Tid til kanaltur i Amsterdam og viktige landemerke i Paris og Berlin vart det òg.
Sjå bilete frå interrailturen her!
Heile VG1 på same turen
Medan dei andre klassane reiste nedover, reiste Vg1 oppover. I buss langs kysten av Vestlandet.
- Totalt var me 65 personar i to bussar. Korleis kunne det gå godt? Svaret på det grunnar me framleis over, men fakta er at det var knakande kjekt, seier Kåre Vignes.
Første stopp på turen til førsteklassingane var Bergen og Vitensenteret. Bussturen vidare gjekk over Sognefjorden til Førde. - Det må seiast at Førde har litt å jobba med skal dei framstå som ein attraktiv stoppestad for folk på busstur. Men bilforretningar, det hadde dei. Mange, fortel Kåre.
I kveldinga kom reisefølgjet fram til Fjordly på Bryggja, ikkje langt frå Nordfjordeid og Stad. Søndagen gjekk med til gudsteneste i Leikanger kyrkje, der Lundenesingar medverka både med song og vitnemål, utfluktar til Ervik og tur ut til klosteret på Selje. Neste stopp var Ålesund, og ferjekondisen byrja på dette tidspunktet verkeleg å få kjørt seg. I Ålesund hølja det ned då flokken frå Lundeneset fann overnattingsplassen sin der.
- Frå Ålesund snudde me nasen sørover att. Ein stopp i Volda og på Ivar Aasen-tunet før me reiste til Skei hotell. For ein plass å avslutta turen! Alskens gode kalde rettar, og så mykje biff og torsk ein kunne stappa i seg. Når me ser tilbake på turen kjem me til å hugsa god stemning, eit avsindig rot i bussen, mangel på rekking av ferjer og middagen på Skei hotell, avsluttar Kåre.
Sjå bilete frå Noregsturen her!
Tronge gater og gule bussar
- Dei 26 elevane og oss tre lærarar hadde ein flott tur til Malta, fortel reiseleiar Torleiv Åreskjold. Gjengen besøkte blant anna 5-6000 år gamle megalittiske tempel, trange bygater, mektige katedralar og katakombar.
- I tillegg såg me nokre eksemplar av det som Malta kanskje er mest kjende for: Gule rutebussar frå 60-talet.
Ein av dagane reiste Malta-gjengen til byen Taormina og til vulkanen Etna på Sicilia. Ein annan dag var sett av til dykking og rappellering.
- Vêret på Malta på denne årstida er om lag som i Noreg i slutten av juni – for det meste sol og rundt 20 grader, seier Torleiv.
Sjå bilete frå Maltaturen her!
I Paulus sine fotspor
- Vi reiste frå Lundeneset laurdag ettermiddag, kom til badebyen Tolon seint på natt, og vakna til sol og varme sundag morgon!
Siv Heidi Eidsheim fortel frå ein vellukka tur til Hellas med elevar. Den første dagen var fridag, som nokre brukte til å leige moped, medan andre valde sightseeing, soling og bading.
Mykene, Epidauros og Naphlio var nokre av stadene elevane fekk sjå, forutan Athen.
- I Naphlio gjekk nokre av oss dei 999 trappetrinna opp til byborga, seier Siv Heidi.
I Athen følgde nordmennene i Paulus sine fotspor. Korintkanalen stod òg på programmet, der dei som ville fekk hoppa i strikk.
- Athen er ein by med store kontrastar. Me fekk sjå Akropolis med Panthenon, det gamle olympiske stadionet, og vaktskifte utanfor parlamentet. Av Athens mindre hyggelege sider såg vi blant anna tagging, narkotikamisbruk og tigging.
Litt øyhopping vart det òg tid til for Lundenesingane: - Me fekk med oss øyane Hydra, Paros og Egina, og fekk sjå mykje gresk idyll, avsluttar Siv Heidi.





















