- Veldig kjekt, seier ei gruppe ungdommar frå Ølen, som får omvising av elevane VG2-elevane Harald Hovland og Andreas S. Bru.
I tillegg til sightseeing i ulike klassar og klasserom, får dei òg eit lite innblikk i korleis internatlivet utartar seg.
Nokre av elevane frå Ølen røper at det kanskje er medialinja til Lundeneset som freistar mest, dersom dei kjem til å søkje til hausten.
Føremålet med open dag er at ungdomsskuleelevar skal kunna gjera seg kjend med utdanningsprogramma i vidaregåande opplæring før dei søkjer.





















