- Me ser tilbake på ei fantastisk veke med flotte deltakarar og leiarar, gode møter og aktivitetar. Tilbakemeldingane er eintydig positive. I tillegg til gode fasilitetar og aktivitetar fekk me oppleve at mange tenåringar søkte forbønn og tok fleire skritt i tru i løpet av veka. Dette er eit stort takkeemne, oppsummerer festivalsjef Odd Arild Sævik.
På sommertreff.com er det lagt ut bilete og filmar frå veka.
Du kan og sjå bilete her: http://lvs.no/nytt/album/bilder-fra-sommertreff
Det er andre året Sommertreff er arrangert på Lundeneset. For Lundeneset er dette eit svært viktig arrangement! Me ynskjer både arrangementet, leiarar og deltakarar velkomne tilbake seinare!





















