logg inn eller søk:
Album Filmer Arkivet

Årets første møteveke

Helge Johan Stautland 20. september 2011
Denne veka har Lundeneset besøk av misjonær Marit Andersen. På det første møtet var misjon og kall to viktige stikkord.
374
Marit Andersen har møte på Lundeneset 19.-21. september. Foto: Helge Johan Stautland

Forventingsfulle elevar og vaksne i ein fullsett møtesal. Ein Bolivia-misjonær har kome til Lundeneset for å snakka til elevane. Med seg har ho òg dei tidlegare Lundenes-elevane Preben Solvang og Rune Espevik.

- Eg har vore til saman 11 år i Bolivia. No er eg i Noreg, og har tenkt å reisa for misjonen i nokre år, seier Marit når ho presenterer seg sjølv.

Ho seier ho har forventing til møta, men understrekar at det er Den Heilage Ande som skal bidra mest på møtet, ikkje ho.

Marit snakkar om det evige livet Gud førebur for oss, og samanliknar menneska sin situasjon med gruveulukka i Chile i fjor:

- Det var ingen av gruvearbeidarane som takka nei då hjelpa kom, og svarte noko slikt som “eg trur eg blir her nede litt lenger”.

På eit møte på Lundeneset er det mange personar i sving. Nokre møter tidleg i møtesalen for å tenna lys og pynta. Ei gruppe har samla seg saman med talaren for å be for møtet. Nokre sjekkar at alt det tekniske fungerer. Eit forsongarteam leier lovsongen når møtet byrjar.

Maria Kallestad og Elisabeth Sandanger er begge på møte i kveld. På spørsmål om kvifor dei er her, svarar dei: - Me vil høyra meir om Gud. Dessutan plar me delta på møte når det er, seier dei. Ingen av dei hadde høyrt om Marit Andersen før denne kvelden.

Elisabeth synest ei møteveke er forskjellig frå torsdagsmøta som òg blir arrangert på Lundeneset: - Når det er møteveke får ein ofte eit større perspektiv og meir samanheng i møta, seier ho.

- Er det vanskeleg å seia at ein skal gå på møte på Lundeneset?

- Nei, eigentleg ikkje. Det er lettare å gå på møte her enn heime, svarar Elisabeth.

Nyheter fra lvs.no

Her finner du de siste nyhetene fra lvs.no.
Abonner på nyheter fra lvs (RSS)

Follow_on_twitter_small   Follow_on_facebook_small

De 10 neste hendelsene