Det er ikkje vanskeleg å hugsa snøen som kom før jul. Han vart jo liggjande omtrent til påske. Sjølv om me hadde ein fin vinter, gjorde snøen ein del skade på tre og buskar. Då den første snøen kom, gav fleire av greinene etter, og driftsavdelinga har dei siste vekene saga ned fleire av dei skadde trea. Den store eika utanfor undervisningsbygget var eitt av trea som no skal bli til ved, men først gjer ho nytte som benk for vaktmeister Einar M. Stakkestad, så han kan ta seg ein velfortent kopp med kaffi.
Her finner du de siste nyhetene fra lvs.no.
Abonner på nyheter fra lvs (RSS)
Dei nye
Kalle & Karo
Fokuskveld på Lundeneset
Diskuterte tryggleikspolitikk
Skiweekend