logg inn eller søk:
Album Filmer Arkivet

Autentisk språkdebatt

Helge Johan Stautland 20. januar 2012
Den norske språkdebatten frå 1830-talet vart denne veka rekonstruert i klasserom 9 ved Lundeneset vgs.
400
Elevane i VG3 studiespesialisering var sjølvsagt kledde for ein ordentleg språkdebatt. Foto: Helge Johan Stautland

"Det er best vi holder på det vi alltid har lært”. Partiet som kjempar for å halda fram språkfellesskapet med danskane opnar debatten denne januarføremiddagen.

Klasse 3ST har språkhistorie på læreplanen. Dei som kjenner si språkhistorie, veit at etter lausrivinga frå Danmark i 1814, var mange nordmenn opptekne av kva skriftspråk me skulle ha her til lands. Elevane er kledde opp i autentiske 1800-talskostyme, velvillig utleigt frå bygdemuseet i Vikedal. Her er bønder og sosietet representert, konservative, radikale og nyskapande. Norsklærar Øivind Jønsson har regien på det heile.

Danskforkjemparane møter ganske kjapt motstand frå dei som vil ha ei fornorsking av dansken: Riksmålsgrupperinga. Ein representant frå desse har, tru det eller ei, klart å reisa til framtida, ca 2012, og studert det norske språket på den tida. Argumenta ho serverer debattantane på 1830-talet er henta frå framtida.

Men det var ikkje berre danske eller riksmål det stod om for 200 år sidan. Ei tredje gruppering er ekstra radikal, dei ønskjer eit heilt nytt norsk språk basert på norrønt og norske dialektar. Det er klart slikt fører til temperaturstigning i klasserommet!

Nyheter fra lvs.no

Her finner du de siste nyhetene fra lvs.no.
Abonner på nyheter fra lvs (RSS)

Follow_on_twitter_small   Follow_on_facebook_small

De 10 neste hendelsene