logg inn eller søk:
Album Filmer Arkivet

Besøk frå Kviterussland

Kåre Vignes 9. september 2011
Torsdag ettermiddag fekk skulen besøk frå Kviterussland. Det er ikkje kvardagskost.
372
Den kviterussiske delegasjonen, saman med tre Krf-arar frå Rogaland, vår eigen rektor inkludert.

Rogaland Krf har i desse dagar besøk frå ei gruppe frå det kristendemokratiske partiet BCD frå Kviterussland. Dette er eit parti som strevar med å få registrert seg, og dei må arbeide under trussel om fengsling og forfølging frå statsmakta. Torsdag ettermiddag kom delegasjonen til Lundeneset, der elevar og lærarar fekk eit innblikk i korleis det er å arbeida under forhold som er alt anna enn demokratiske.

Kviterussarane kunne fortelja om politisk forfølging, valgjuks og anna som vert gjort for å halda demokratiet nede i det som vert kalla det siste diktaturet i Europa. Dei frammøtte fekk seg ein kraftig tankjevekkjar fire dagar før me sjølve skal gå til valurnene.

Nyheter fra lvs.no

Her finner du de siste nyhetene fra lvs.no.
Abonner på nyheter fra lvs (RSS)

Follow_on_twitter_small   Follow_on_facebook_small

De 10 neste hendelsene