logg inn eller søk:
Album Filmer Arkivet

Besøk i lokalavisa

Helge Johan Stautland 22. februar 2012
2ME fekk sist veke omvising og informasjon om korleis det er å vera journalist i lokalavisa Grannar.
410
2ME besøkte Grannar før vinterferien. Her saman med redaktør Arne Frøkedal. Foto: Helge Johan Stautland
Det var redaktør Arne Frøkedal som viste klassen frå Lundeneset rundt i lokala på Etne Senter. Etterpå gav han dei 15 elevane eit innblikk i Grannar si historie, daglegliv og særpreg.
 
- Grannar er ei lokalavis for Vindafjord og Etne, og vart stifta i 1973. I dag er me i alt 12 tilsette, av desse er fire journalistar, fortalde redaktøren.
 
Frøkedal fekk mange spørsmål frå klassen, som dei siste vekene har hatt journalistikk på timeplanen.  Elevane ville ha svar på alt i frå journalistlønn, utdanning og erfaring, mulegheiter for frilansoppdrag, trivsel på arbeidsplassen og balansen mellom reklame og redaksjonelt stoff i avisutgåvene.
 
- Grannar arbeider etter Vær Varsam-plakaten, og skal spela på lag med dei svake, fortalde Grannar-sjefen.
 
- Har Grannar nokon gong vorte klaga inn for PFU? ville elevane vita.
 
- Det har me, men ikkje dei tre siste åra. Vårt mål er å driva avis og journalistikk på ein måte der PFU ikkje treng bli involvert, svara Frøkedal.
 
Eit anna tema som vart teke opp, var utfordringane ved å laga papiravis og nettavis samstundes. Grannar si linje er å ha ei oppdatert nettside, men at dei som abonnerer på papirutgåva skal få noko meir enn det dei får ved å berre gå inn på nettutgåva.
 
- Å halda på papiravislesarane er utfordrande. I dag (torsdag 16.2.) vart opplagsstatistikken for avisene her til lands publisert. Den viste at opplaget vårt har gått ned 3,5 % sidan 2010. Men me jobbar heile tida med å få fleire lesarar, fortalde Frøkedal.
 
Fleire elevar gav uttrykk for at avis- og journalistyrket verka interessant etter besøket, og nokre vurderer å prøva seg som frilansarar for lokalavisa framover.
 

Nyheter fra lvs.no

Her finner du de siste nyhetene fra lvs.no.
Abonner på nyheter fra lvs (RSS)

Follow_on_twitter_small   Follow_on_facebook_small

De 10 neste hendelsene