logg inn eller søk:
Album Filmer Arkivet

Bra på bibelgruppe

Helge Johan Stautland 9. november 2011
Over 100 elevar deltek på Lundeneset sitt bibelgruppeopplegg i år. – Eit viktig arbeid, meiner bibelgruppesjef Sigrid Åreskjold.
387
Gjennomgang av Efesarbrevet. F.v.: Espen, Åsfrid, Janne Kathrine, Kristoffer, Andreas og Eirik.
- Bibelgruppene er det viktigaste me har på Lundeneset, me når langt fleire enn dei som til vanleg kjem på møte. Både sosialt og åndeleg betyr dette arbeidet mykje for elevane, seier Åreskjold.
 
Annankvar måndag er bibelgruppekveld på Lundeneset.  Då er det samling rundt Guds ord i personalheimane både på og utanfor skulen. Eit lite måltid høyrer òg med, anten før eller etter bibelstudiet.
 
I år er det 13 grupper på skulen. Når Sigrid Åreskjold annonserer påmelding for gruppene, er responsen som regel god. Og når første bibelgruppekveld er over i september, får ho som regel spørsmål frå liten gjeng etternølarar som òg vil melda seg på.
 
- Elevane er svært takknemlege for bibelgruppene, mange seier det er vekas høgdepunkt. At bibelgruppene har betydd noko, er ein respons eg ofte får frå elevane når dei har slutta, seier Sigrid Åreskjold.
 
I gruppa som VG3-elevane Espen, Åsfrid, Janne Kathrine, Kristoffer, Andreas og Eirik er med i (biletet), går dei gjennom Efesarbrevet i NT. Dei nyttar ikkje eit særskilt studieopplegg, men les Bo Giertz sin kommentar til bibeltekstane. 
 
- I gruppene på Lundeneset i år, er det mange som følgjer iTro-Bibelen, elles er det mange som berre brukar Bibelen som utgangspunkt. Nokre har heilt frie tema, der elevane kjem med ønske om saker dei vil snakka om, avsluttar Åreskjold.
 

Nyheter fra lvs.no

Her finner du de siste nyhetene fra lvs.no.
Abonner på nyheter fra lvs (RSS)

Follow_on_twitter_small   Follow_on_facebook_small

De 10 neste hendelsene