Annbjørg Naterstad Våge (21) frå Kvinnherad og Morten Kvilhaug (23) frå Vea vart begge tilsette på Lundeneset før jul i fjor. Annbjørg er norsklærar, Morten er vaktmeister/snikkar.
- Kvifor byrja du å jobbe på Lundeneset?
- Eg gifta meg med Andreas (C. Våge) som arbeider og bur på Lundeneset. No studerer eg på fulltid, samstundes som eg underviser i norsk på service og samferdsle, svarar Annbjørg.
Visste ikkje om ledig stilling
Morten vart oppmoda om å søkja av ein kamerat. Han var ikkje klar over at Lundeneset hadde hatt ledig stilling som vaktmeister nesten eit halvt år.
- Eg arbeidde som tømrar på Karmøy før eg byrja her. Så langt svarar Lundeneset til forventingane. Eg kjenner jo skulen litt frå før gjennom mange kameratar som har gått her, fortel Morten. Han tykkjer han får god kontakt med elevane, trass i at han ikkje møter dei i klasserommet, slik som Annbjørg gjer. – Eg pratar med dei under måltida, blant anna, seier Morten, som òg bur på skuleområdet.
Det kjekkaste
- Kva er det kjekkaste med å ha Lundeneset som arbeidsgjevar?
- Eg diggar å få jobba med Arve (Erichsen, vaktmeister, red. anm.), kjem det kjapt frå Morten. Han har òg andre grunnar, blant anna det å få jobba med ungdom og delta på møta skulen arrangerer.
Annbjørg tykkjer det mest givande er å vera ein del av ein skule som òg gir elevane opplæring i kristendom. - Og så synest eg òg det er kjekt å få arbeida med ungdom. I tillegg må eg òg nemna eit flott personale, seier den utflytta kvinnheringen, som sjølv gjekk på Lundeneset som elev i tre år.
Som fersk i læraryrket tykkjer Annbjørg noko av det beste med å undervisa er når elevane brått skjønar noko dei før ikkje forstod.
- Men det var litt skummelt å brått skulle bli lærar for første gong, særskilt midt i skuleåret, legg Annbjørg til.





















