logg inn eller søk:
Album Filmer Arkivet

Disippelveke på Lundeneset

Helge Johan Stautland 19. januar 2011
At Asbjørn Kvalbein er 50 år eldre enn mange av tilhøyrarane på Lundeneset gir seg ikkje utslag i laber møteoppslutnad.
332
Kommunikasjon med ungdom lét seg gjera når ein er seg sjølv og tek opp dei nære problemstillingane, meiner Asbjørn Kvalbein. Her er han saman tre medieelevar i VG2. Foto: Helge Johan Stautland.

- De må gjerne sjå på meg som ein bestefar, seier Asbjørn Kvalbein (66) når han innleier det første av fire møte om disippelskap på Lundeneset.

Til lvs.no seier han:

- Aldersskilnaden betyr ikkje så mykje når problemstillingane som blir tekne opp er relevante for dei unge.

Han er på Lundeneset for å ha kveldsbibelkurs for elevane, og møtesalen har vore fullsett fleire kveldar.
 
Kvalbein seier han legg vekt på å vera seg sjølv, og å leggja ut frå Bibelen vers for vers. Bibelkunnskap er mangelvare i samfunnet i dag, meiner han, og han har inntrykk av at dette er noko ungdom set pris på.
 
Han synest Lundeneset er privilegerte, som har mange kristne elevar.
 
- Det er veldig godt å vera her. Å ha med ungdom i vekst og modning å gjera, er både artige og utfordrande. Her er mange ulike mennesketypar, og eg har hatt fleire gode samtalar under opphaldet mitt på Lundeneset, seier Kvalbein.
 
Han fortel at ungdom i dag har mange spørsmål:
 
- Det er eit stort spekter i kva ungdom er opptekne av, men spørsmåla eg får kan i stor grad plasserast i fire kategoriar: Kristen i kvardagen, sex og samliv, bibelspørsmål, og spørsmål knytt til tru og tvil.
 
- Kva er viktig når ein kommuniserer med ungdom?
 
- Ein må heile tida ha i bakhovudet at dei unge har forskjellige bakgrunnar. Men eit viktig stikkord eg gir meg sjølv er nærleik. Då tenkjer eg på nærleik til Skrifta, til levd liv og til menneske.

Nyheter fra lvs.no

Her finner du de siste nyhetene fra lvs.no.
Abonner på nyheter fra lvs (RSS)

Follow_on_twitter_small   Follow_on_facebook_small

De 10 neste hendelsene