logg inn eller søk:
Album Filmer Arkivet

Diskuterte tryggleikspolitikk

Helge Johan Stautland 26. januar 2012
Denne veka har samfunnsfagelevar og elevar som tek politikk og menneskerettar fått fordjupa seg i tryggleikspolitikk på høgt nivå.
404
Til dels vanskelege forhandlingar om tryggleikspolitikk på agendaen på Lundeneset i januar. Foto: Helge Johan Stautland

Ein heil torsdag var sett av til opplegg i regi av Folk og forsvar, ein organisasjon som driv informasjonsarbeid om norsk forsvars- og tryggingspolitikk. Det var elevar frå samfunnsfag i 2ME og politikk og menneskerettar i VG2/VG3 som deltok.

Dagen vart innleia med ei undervisningsøkt med ein representant frå Folk og forsvar. Deretter vart elevane delt inn i ulike, oppdikta nasjonar, og fekk prøva seg som statsministrar, utanriksministrar og forsvarsministrar i freds- og konfliktspelet.

I løpet av rollespelet får elevane blant anna kjennskap til korleis konfliktar oppstår, og korleis dei kan løysast.

- Elevane får òg prøvd ulike tryggingspolitiske verkemiddel og erfart korleis nasjonale og internasjonale organisasjonar kan bidra i konfliktførebygging og fredsbevaring.  I tillegg lærer dei korleis tryggingspolitikk og den meir generelle utanrikspolitikken heng saman med nasjonal politikk og nasjonale omsyn, forklarer faglærer i politikk og menneskerettar, Dagfinn Våge. 

 

 

 

 

Nyheter fra lvs.no

Her finner du de siste nyhetene fra lvs.no.
Abonner på nyheter fra lvs (RSS)

Follow_on_twitter_small   Follow_on_facebook_small

De 10 neste hendelsene