logg inn eller søk:
Album Filmer Arkivet

Dugnad i finveret

Anne Karine Stautland 6. mai 2011
35 frivillige arbeidarar var i sving med målarkostar, traktorar, gravemaskin og muskelkraft under den årlege “1.-mai”-dugnaden.
356
Fleire av dei som deltok på dugnaden i år hadde med seg eigne maskinar og utstyr. Foto: Thomas Helgeland

Etter ei natt på flatseng i klasseromsbygget, var 23 tidlegare elevar klare for dugnadsarbeid på Lundeneset. Sidan 1. mai i år fall på ein sundag, vart dugnaden lagt til laurdag 30. april. Saman med dei tidlegare elevane var også nokre av årets elevar. – Nokre av dei sparkla og måla tak og vegger i den noverande “kroken”, medan andre sette inn vindauge og la golvbelegg i det nye tilbygget som blant anna skal huse ny “krok”, toalett og lagerrom, seier driftsleiar Arne Voll.

Sjå biletserie frå dugnaden her!

I tillegg vart det lagt takstein, kloakkanlegget er kopla klart og ein har gjort noko av gravearbeidet som er nødvendig for å få laga tak over hovudinngangen.

Også ved 100-serien vart det lagt ned mange timar med dugnadsarbeid. Mykje av bygget blei måla utvendig, det blei sett opp ein støttemur på langsida av bygget og plenen vart ordna til.

 – No står det att ein støttemur på kortsida, støyping av trapp og eit betre inngangsparti, seier Voll.

Leon Dyngeland, ein av dei ansvarlege for den årlege dugnaden, ønskjer å retta ein stor takk til alle som deltok:

– Det er utruleg at folk kjem att år etter år, og at dei som kjem også har med seg utstyr som gravemaskin, traktor og verktøy. Dugnadsarbeidarane utfører arbeid som me uansett måtte ha leigd inn folk for å få gjort. På denne måten blir jo verdien av det frivillige arbeidet endå høgare, og me set stor pris på det arbeidet som har blitt gjort.

 

 

Nyheter fra lvs.no

Her finner du de siste nyhetene fra lvs.no.
Abonner på nyheter fra lvs (RSS)

Follow_on_twitter_small   Follow_on_facebook_small

De 10 neste hendelsene