logg inn eller søk:
Album Filmer Arkivet

Elevar hjelper svoltramma

Helge Johan Stautland 10. september 2009
Eit einstemmig elevråd ved Lundeneset har gått inn for å samla inn minst 50 000 kroner til svoltramma i Pokot i Kenya.
213
Foto: FreePhotos.com

- I utgangspunktet var det russen som fekk spørsmål om å ha svoltramma i Pokot som tilleggsprosjekt. Men me fann ut at det er betre at heile skulen står samla om ei slik innsamling, og me utfordra elevrådet til å bli med, opplyser prosjektsjef i russen, Kristian Eiane.

Innsamlinga skjer gjennom Misjonssambandet, som nyleg har starta naudhjelpsarbeid i Pokot saman med Misjonssambandet på Island (SIK). Den totale ramma for arbeidet er 650.000 kroner.

- Elevrådet har bestemt at inntektene etter «Gi-en-dag» (Lundeneset sitt svar på «Operasjon Dagsverk») skal gå til dei som er ramma av svolt i Pokot, opplyser Maria Haug, ein av elevrådet sine ansvarlege for innsamlinga.

Maria legg til at dei òg vurderer andre måtar å få inn pengar på, til dømes tilby vask av bilar mot betaling. - Vi drøftar framleis gode innsamlingsmetodar, seier Maria.

Kristian seier at 3 000 personar manglar mat i Pokot, i det området Misjonssambandet har arbeid. Innsamlinga Lundeneset no har blitt ein del av, skal sikre desse personane mat kvar dag.

- Me har lova at me skal greia 50 000, kan hende klarer me meir, opplyser Kristian.

Nyheter fra lvs.no

Her finner du de siste nyhetene fra lvs.no.
Abonner på nyheter fra lvs (RSS)

Follow_on_twitter_small   Follow_on_facebook_small

De 10 neste hendelsene