logg inn eller søk:
Album Filmer Arkivet

Elevar sprang inn 454.278 kr

Kåre Vignes 26. oktober 2009
Når 80 elevar spring nokre kilometer, skal det ikkje mykje til før pengane strøymer inn.
245
Russen ved Lundeneset videregåande skule i Ølensvåg har samla inn over 450.000 ved å bruke beina. Foto: Kåre Vignes.

Onsdag 21. oktober arrangerte russen ved Lundeneset vgs i Ølensvåg sitt årlige misjonsløp. Det fungerer slik at kvar deltakar skaffer sponsorar som støttar med eit beløp for kvar kilometer som blir sprunge.



- Me fekk inn over 450.000 kroner. Eg blei heilt rørt då eg høyrde resultatet, seier russepresident Magnus Notland i ein kommentar.


Flesteparten av elevane på skulen, pluss nokre barn, deltok i misjonsløpet. Den personen som fekk mest sponsorinntekter, samla inn nærare 23.000 kroner åleine. Pengane som er samla inn går til russen sitt misjonsprosjekt i Bolivia.

Nyheter fra lvs.no

Her finner du de siste nyhetene fra lvs.no.
Abonner på nyheter fra lvs (RSS)

Follow_on_twitter_small   Follow_on_facebook_small

De 10 neste hendelsene