logg inn eller søk:
Album Filmer Arkivet

Engasjerande skuledebatt

Helge Johan Stautland 1. september 2009
Fylkesrepresentantar frå seks ungdomsparti i Rogaland besøkte tysdag Lundeneset. Skuledebatt stod på dagsorden, men alle elevane fekk høve til å stilla eigne spørsmål i "spørretimen".
207
Sosialistisk Ungdom, AUF, Senterungdommen, KrFU, Unge Høgre og FpU vitja Lundeneset tysdag 1.9. Foto: Helge Johan Stautland.

Unge Venstre hadde meldt fråfall, men elles var både regjeringspartia og opposisjonen representert. Ikkje uventa var friskulepolitikk eitt av områda der motsetnadene mellom høgre- og venstresida var størst:

- Me ønskjer ikkje å støtta religiøse skular. Samfunnet treng ikkje skular der eitt av hovudmåla er å få alle til å tenkja likt, uttrykte representanten for Sosialistisk Ungdom. I dette synet hadde han dei fem andre partia mot seg. Dei som uttrykte sterkast støtte til kristne friskular var dei borgarlege partia, KrfU, Unge Høgre og FpU.

Også lærarmangel i norsk skule og mobbing var tema som det vart stort engasjement om blant ungdomspartirepresentantane.

Økonomi, bistand og miljø og utanrikspolitikk var òg saker som vart diskutert.

Nyheter fra lvs.no

Her finner du de siste nyhetene fra lvs.no.
Abonner på nyheter fra lvs (RSS)

Follow_on_twitter_small   Follow_on_facebook_small

De 10 neste hendelsene