Biletet er måla av Elin Austbø, som òg har gått på Lundeneset. Under Ung Landsmøte (UL) i august i år vart biletet auksjonert vekk til inntekt for Siembra, NLM Ung sitt misjonsprosjekt i Sør-Amerika.
– Kva tenkjer du som rektor når skulen får ei slik gåve frå ein tidlegare elev?
– Det er kjempeflott, og det varmar at folk har slik omsorg for skulen og vil visa at dei står med oss på den måten, seier rektor Gustav Løge Fosse.
– Lundeneset er ein skule som ikkje berre tilsette bryr seg om, men vener og tidlegare elevar vil støtta skulen og gjera det triveleg for oss å vera her. Det er inspirerande, og eg vil gjerne formidla ein stor takk til alle som støttar oss med gåver og hugsar på oss i bøn.
Rektor meiner det passa godt at arbeidet med å pussa opp møtesalen var i gang då biletet kom. – No har biletet blitt ein del av utsmykkinga der.





















