Juleavslutning på Lundeneset er skikkelege greier. Her kjører me fest heile kvelden med god middag, møteavdeling, avduking av æresruss, underhaldning og gang rundt juletreet. Første etappe er akkurat unnagjort, og til no har kvelden vore aldeles utsøkt.
Eit av dei store spenningsmomenta før julefesten er alltid kven russen har utpeikt som æresruss. Å bli æresruss heng høgt - det betyr at russen har lagt merke til ein ekstra innsats som har blitt lagt ned frå ein i personalet. I fjor var det Liv Sakseid som fekk æra. Bilde av årets æresruss kjem på desse sidene i løpet av kvelden.





















