logg inn eller søk:
Album Filmer Arkivet

For ein kveld!

Kåre Vignes 15. desember 2011
Juleavslutninga på Lundeneset er over - og ein svært overraska og glad Arne Voll er utnevnt av russen til Æresruss 2012.
395
Russepresident Per Inge Naustvik med æresruss Arne Voll. Arne fekk hammar og spiker i gåve frå russen.

- Me i russen har mange heltar, men ein me alle kan vera einige om at er ein helt, er Arne Voll. Slik vart driftsleiaren på Lundeneset introdusert av russepresidenten og prosjektsjefen i russestyret. Etter å ha venta ei stund på hovudpersonen - han jobba sjølvsagt - fekk Arne Voll overrakt ein spiker med snor og helsing frå allei  russen. Som den audmjuke mannen han er, delte han æra for tildelinga med resten av gjengen i driftsavdelinga.

Kvelden starta med middag, og fortsette med sang og andakt i gymsalen. Etter æresrusstildelinga, måtte alle elevane ut. Så fulgte eit timeslangt show der dei tilsette ved skulen etter meir eller mindre fattig evne freista å gjera seg såpass morosame at elevane lo av dei. No skal det heldigvis ikkje så mykje til å få eit feststemt publikum til å le - det er nok med eit stritteskjørt eller nokre elevparodiar. Meir detaljerte kan me diverre ikkje vera - dette er nemleg eit internt arrangement med strengt foto- og referatforbod.

Etter underhaldninga, vart det gang rundt juletre og eting av haugar og lass med kaker. Dette sjølvsagt for å prøva å gjera alle så tunge i magen at dei ikkje orkar anna enn å gå og leggja seg tidleg. For i morgon skal me vaska skulen. Frå topp til tå.

Nyheter fra lvs.no

Her finner du de siste nyhetene fra lvs.no.
Abonner på nyheter fra lvs (RSS)

Follow_on_twitter_small   Follow_on_facebook_small

De 10 neste hendelsene