logg inn eller søk:
Album Filmer Arkivet

Forandring frydar

Anne Karine Stautland 8. april 2010
Det er ikkje berre i interiørmagasina dei pussar opp. No får gutane på 400 nye bad.
286
Vaktmeister Arve Erichsen er i gang med oppussing av baderomma på 400-serien. Foto: Anne Karine Stautland

21 ½ år etter at internatet med namnet 400-serien vart teke i bruk, er vaktmeister Arve Erichsen i gang med å renovera dei 20 baderomma på internatet.


– Eg skal riva listene og platene på veggane, men før eg kjem så langt må eg fjerna sanitærutstyret og noko av det elekstriske, seier vaktmeisteren som har ansvar for bygg ute og inne.


Toalettet er allereie fjerna og Arve er i gang med å skru ned blandebatteriet over vasken når me tek turen innom badet på rom 418. Når dei gamle baderomsplatene er borte, skal Arve setja opp nye.

– Eitt bad er ferdig renovert, men arbeidet stoppa litt opp då me oppdaga at alle platene var feilproduserte. No har me fått nye, så no er det berre til å halda fram, seier han, og fortel at han reknar med å bruka omlag fire dagar på kvart baderom.

Nyheter fra lvs.no

Her finner du de siste nyhetene fra lvs.no.
Abonner på nyheter fra lvs (RSS)

Follow_on_twitter_small   Follow_on_facebook_small

De 10 neste hendelsene