Onsdag 17. februar reiste ti elevar og tre lærarar frå Lundeneset vgs til Tysvær folkebibliotek for å høyra Christian Borch. Borch er nok mest kjent frå Dagsrevyen og Urix på NRK, men han har òg skrive fleire bøker. I 2009 gav han ut boka «Sannhetens kår, makt, medier og politikk i illusjonenes tid», og dette var òg tema for føredraget denne onsdagskvelden. Borch tok opp spørsmål som «Er det samfunnsbiletet media skaper det korrekte?» og «Fokuserer aviser og tv på det marknadskreftene helst vil ha?» - Det var veldig interessant, er konklusjonen frå medieelevane på VG1 etter at føredraget og samtalen i etterkant er over.
- Ja, sjølv om vi ikkje forstod alt, så var det ikkje vanskeleg å følgje med, supplerer Per-Inge Naustvik.
Kees Andre Z. Fjellvang er imponert over vokabularet og formidlingsevna til NRK-journalisten.
- Han hadde mange djupe svar, meiner Jostein Dyrseth.
- Eg har blitt meir interessert i korleis media påverkar folk, seier Silje Lie Solland, og legg til at ho meiner Borch snakka veldig direkte til publikum.
- Og så hadde han fleire morosame historier, legg Gina Fosse til.





















