Det er ein svak oppgang i den totale søkinga til skulen, samanlikna med same tidspunkt i fjor. Skulen er godkjend for 198 elevar, men dei siste åra har det samla vore plass til rundt 180 elevar i klassane.
Rektor Gustav Løge Fosse gler seg over søkjartala:
- Slik det ser ut no vil vi kunne fylle opp alle klassane neste år òg. På ei side er det positivt med oversøking, samtidig som det er trist å ikkje kunne tilby plass til mange som har eit stort ynskje om å få byrja på skulen, seier Fosse.
Det er søkjartalet til VG1 det er knytt størst spenning til. Det er 58 10. klassingar som ønskjer å gå medier og kommunikasjon (ME) ved Lundeneset. Dette er ein nedgang på 12 elevar frå fjoråret. For service og samferdsel (SE) er det 29 søkjarar, om lag det som i fjor. ME og SE har plass til 15 elevar kvar. 120 elevar ønskjer å gå studiespesialisering når dei skal over på vidaregåande skule, ein auke på 18 elevar frå i fjor. Dette programområdet har plass til 30 elevar.
Til saman har VG2 96 søkjarar til 60 plassar. Både ME og SE opplever ein svak oppgang frå søkinga til desse klassane i fjor. Til studiespesialisering er det 48 søkjarar, om lag det same som i fjor.
Søkinga til påbygging til generell studiekompetanse på VG3 nivå har gått opp noko sidan fjoråret.
- Dette kan henga saman med at talet på elevplassar i fylket til denne utdanninga er redusert det siste året, opplyser Fosse.
70 elevar har søkt dette alternativet, og klassen har plass til 30. Av dei 70 ønskjer åtte å gå påbygging i kombinasjon med VG3 media.
VG3 studiespesialisering har 35 søkjarar til neste år, ein svak nedgang frå i fjor. Klassen har plass til 30 elevar.
Skulen vil starte opptaket i løpet av dei neste vekene. Utover våren og sommaren vil skulen ta opp fortløpande når det vert ledige plassar.





















