logg inn eller søk:
Album Filmer Arkivet

Heder til Dagfinn

Kåre Vignes 21. mai 2010
Lundeneset er for det meste stolte over både tilsette og elevar ved skulen. Akkurat no må me nok likevel innrømma at me er litt ekstra stolte over å ha ein Holbergpris-vinnar mellom oss.
291
Dagfinn Våge, nybakt vinnar av lærarstipendet som er ein del av Holbergprisen i skulen, skodar mot nye horisontar og prosjekt å henga fingrane i .

Dagfinn Våge har vunne lærarstipendet som er ein del av Holbergprisen. Dette stipendet mottek han for lærarrapporten han skreiv etter eit prosjekt samfunnsfagklassane hans har jobba med dette skuleåret.  - Det er spanande med nye utfordringar, så då invitasjon til å delta på Holbergprisen kom frå Gustav, fekk eg lyst til å kasta meg ut i prosjektet, fortel ein engasjert Dagvinn Våge. - Heldigvis var elevane interesserte i å vera med, og det har vore veldig gøy.

Elevane fekk sjølve velga emnet, som vart «Hvorfor får gutter lavere karakterer enn jenter i ungdomsskolen?» - Dette var en kjent problemstilling for elevene, fortel ein engasjert lektor. - Når problemstillinga er så godt kjent for dei som er med, gjer det forskningsarbeidet greiare, meiner Våge.

Resultata av prosjektet var meir stadfestande enn overraskande, konstaterer lektoren. - Det som viste seg er at gutar og jenter snakkar best med eige kjønn. Når kvinnelege lærarar er i fleirtal, har jentene ein fordel.  

Elevane har likt godt å vera forskarar. Dei har delt ut på spørjeskjema i ulike ungomskular, og har verkeleg fått brynt seg på arbeidsmetodar dei ikkje har vore borti før. - Elevane har hatt godt utbytte av dette. Samfunnsvitenskapelige metodar har blitt kjent, tørre fakta har blitt praktisk arbeid.

Og kva har han så tenkt å bruka prispengane på 15 000 kroner til?

- Det blir i alle fall en konfekteske på pauserommet, flirer prisvinnaren.

 Lenke til artikkel i Haugesunds avis

 

 

Vedlegg:

Nyheter fra lvs.no

Her finner du de siste nyhetene fra lvs.no.
Abonner på nyheter fra lvs (RSS)

Follow_on_twitter_small   Follow_on_facebook_small

De 10 neste hendelsene