- Me er heldige som bur i eit land som støttar frie skular. Det er ingen sjølvfølgje. Det er ein menneskerett å kunne velja noko anna enn offentleg skule dersom ein ønskjer det, sa Dagfinn Høybråten.
Høybråten meiner likevel meir kan gjerast for friskulane: - Friskulane har hatt tronge kår under den raudgrøne regjeringa. Hadde ikkje KrF fått til eit forlik om privatskulelova i 2006 ville grunnleggjande prinsipp vore i fare. SV har dessutan eit landsmøtevedtak som går ut på å forby alternative friskular og avgrense etableringa av religiøse skular. Regjeringa tenkjer ikkje særleg prinsipielt om den demokratiske retten til alternative skular, uttalar Høybråten i samband med besøket sitt på Lundeneset.
I løpet av laurdagen fekk elevane tildelt rom og vart vist rundt på skuleområdet til Lundeneset. Undervisningsleiar Arlene Pedersen opplyser at årets elevtal er høgare enn tidlegare:
- Ikkje berre er det fleire elevar i år, men det er fleire som skal bu på internat. Heldigvis har kabalen med romplassering gått opp i år òg, seier Pedersen.
Flesteparten av elevane ved Lundeneset kjem frå Rogaland, men òg andre fylke, som Nordland, Møre og Romsdal, Vest-Agder og Østfold er representert.
Pedersen legg til at staben òg er utvida sidan sist.
- Me er no til saman 47 tilsette, av desse er 30 i undervisningsstillingar.
På opningsfesten fekk òg rektor Gustav Løge Fosse ordet:
- Eg har lyst å retta ein takk til foreldre og føresette for tilliten de viser skulen ved å la borna gå på Lundeneset.
Lundeneset vgs er i år 46 år. Skulen er eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband og tilbyr opplæring i utdanningsprogramma medium og kommunikasjon, service og samferdsel, studiespesialisering og påbygging til generell studiekompetanse.





















