Det var tysdag 15. september, dagen etter stortingsvalet, og truleg ein over gjennomsnittet god dag for ein minister frå Senterpartiet. Kleppa tok smilande imot gjengen frå Lundeneset, som ikkje hadde anna på agendaen enn å treffa ein kjend Rogalandsminister og snusa inn atmosfæren i eit kommualdepartement. Magnhild serverte kaffi og kjeks, og me hadde ein god drøs i toppetasjane i departementsblokka.
Magnhild hadde mykje å fortelja. Om kvardag og fest med Jens Stoltenberg som sjef, om å arbeida med til tider utspekulerte byråkratar, og om korleis det er å vera tanta til Kåre Vignes.
Etter seansen i departementet tok Kleppa oss med til Stortinget. Her fekk me omvisning i den staselege bygningen og prøvesitja Rogalandsbenken.





















