logg inn eller søk:
Album Filmer Arkivet

Kalle & Karo

Kåre Vignes 31. januar 2012
Dei kjenner livet frå elevperspektivet godt, Karoline Lodden og Karl Erik Granberg. Dei gjekk ut frå Lundeneset våren 2010. Litt over eit år seinare var dei tilbake - som miljøarbeidarar.
406
Karl Erik og Karoline - miljøarbeidarar på Lundeneset. Herlege folk.

Siste dagen i januar. Då innser ein ofte at tida flyg, og at våren ikkje er så forferdeleg langt vekke. For Karoline og Karl Erik betyr det at dei har begynt å innsjå at eit år som miljøarbeidar på Lundeneset kan gå forferdeleg fort unna. - Det kjennest ikkje som så veldig lenge sidan me kom her i august. No er det slik at det nesten er litt for kort tid igjen, seier Karoline.


Miljøarbeidarane har ei svært viktig rolle på Lundeneset. Dei organiserer mykje av det som skjer på fritida, og set i tillegg i gang med spontane aktivitetar på ettermiddagstid. - Det er klart det kan vera litt utfordrande å heile tida føla at ein må finna på noko for at folk skal vera nøgde, men det må seiast at folka her er ganske så gode til å finna på ting sjølve. Vår jobb handlar ikkje nødvendigvis berre om å aktivisera folk - men å leggja forholda til rette for at folk skal kunna ha det kjekt på eige initiativ, seier Karl Erik.


Kva kan ein så finna på på fritida på Lundeneset? -  Me driv med alt frå diverse sportsaktivitetar til hobbygruppe og quiz. Og så har me ein god del kafèkveldar der me samlar folk anten i Underbar eller i matsalen. I tillegg har me fått på plass Playstation og litt slikt i Ståvå, så me har noko for ein kvar smak, fortel dei to tidlegare mediaelevane.


Lundeneset har stort sett alltid tidlegare elevar som miljøarbeidarar. Karl Erik og Karoline trur det er ein fordel. - Det kan nok vera at me veit betre korleis det er å vera elev her enn mange av dei andre tilsette, sjølv om det jo fins tidlegare elevar mellom dei også. Det er ikkje lenge sidan me var russ, me gjekk jo faktisk på skulen saman med dei som er tredjeklassingar nå.


Dei merkar likevel stor forskjell på å vera elev og å vera miljøarbeidar. - Det må seiast at det har sine fordeler å vera tilsette. Me har blitt tatt godt i mot av personalet, og me føler oss godt inkludert i kollegiet. Det er sjølvsagt litt rart å plutseleg vera med på personalråd og få innblikk i skulen frå den sida også. Det er likevel vanskeleg å setja dei to tinga opp mot kvarandre. Å vera elev var kjekt - og å vera tilsett er kjekt. På kvar sine måtar.


Neste år har dei ikkje heilt klart føre seg. Kanskje det blir militæret for Karl Erik og studier for Karoline. Om fire og ein halv månad er uansett tida som miljøarbeidarar over for dei to tidlegare klassekameratane.

Nyheter fra lvs.no

Her finner du de siste nyhetene fra lvs.no.
Abonner på nyheter fra lvs (RSS)

Follow_on_twitter_small   Follow_on_facebook_small

De 10 neste hendelsene