14 elevar saman med miljøarbeiderane Karoline og Karl Erik og naturfagslærer Per Ølfarnes tok frå laurdag 24. til sundag 25. turen til Vinje kommune og Songavatnet for å utfalde seg i Guds frie natur.
Gjengen starta tidleg laurdags morgon med frukost på Lundeneset før ein samla utstyret og fekk pakka bussen. Minibussen blei full av sekkar, lavvoar, mat og redningsvestar, overleve skulle me jo.
2,5 time seinare ankom me Songavatnet, i opphold og god temperatur. Ikkje mange hadde padla kano før, elevane blei plassert to og to i same kano, heldigvis velta ingen på veg bort.
Me slo opp leir på ein liten odde rett ved vasskanten, med god plass for lavvo og elevar. Vidare blei det laga middag på stormkjøkken, ringleikar, bålkos og studering av stjernehimmelen. Opphald og flott vær hadde følgt oss gjennom heile dagen, sjølv sola gløtta fram litt mellom padletaka. Noko som gjorde at me kunne sove godt.
Opplagt ungdom fekk i seg sjølvlaga havregraut til frukost, med kanel, sukker og rosiner. Turen gjekk vidare opp på nærmaste topp for å få utvida horisonten, kikke etter reinsdyr og få kroppen klar for padlinga heim. Sjølv om me på kanoturen blei ramma av motvind og nokon av sikksakk-syndromet, kom alle godt i frå det. Stemninga var på topp, me fekk alle ein velsigna bra tur, utan skadar, kanovelt eller mangel på mat. Takk for turen!
Klikk her for å sjå bilete frå turen.





















