logg inn eller søk:
Album Filmer Arkivet

Kjem DU på adventscup?

Helge Johan Stautland 22. november 2011
Helga 2.-4. desember brakar det laus med fotballcup på Lundeneset. Går du i 8.-10. klasse, er du særskilt velkommen!
388
Full rulle på fjorårets adventscup på Lundeneset. Foto: Ellen Tveita

I tillegg til cup, er det òg mykje anna som skjer denne helga: Fellessamlingar, kafé, underhaldningskveld, film, KRIK – sjølvsagt mykje god mat. Dette er ein gylden mulegheit til å bli kjent med Lundeneset og andre ungdommar.

Her kan du melda deg på og lesa meir om helga!

Cupen består av reine jente- og gutelag, maks fem på kvart lag, tre på banen samstundes. Har du ikkje eit lag du melder deg på i lag med, kan skulen ordne med lag til deg.

Korleis kjem ein seg til Lundeneset?

Kjem du frå Stavanger, går det båt til Sandeid kl 18.15 fredag kveld. Frå Stord går det båt kl 18.20.

Velkommen til ei helg på Lundeneset du seint vil gløyma!

Nyheter fra lvs.no

Her finner du de siste nyhetene fra lvs.no.
Abonner på nyheter fra lvs (RSS)

Follow_on_twitter_small   Follow_on_facebook_small

De 10 neste hendelsene