logg inn eller søk:
Album Filmer Arkivet

KRIK på neset

Kåre Vignes 30. september 2011
For første gong i manns minne (i dette tilfellet ni år), har Lundeneset fått seg si eiga KRIK-forening.
380
Styret i KRIK Lundeneset. Frå venstre: Maria Gjerde, Aase Malde (dagleg leiar), Elin Sørbø, Ingfrid Byberg, Ørjan Eggebø, Bjørnar D. Eikhaug og Elisabeth Helgøy.

Dei har hatt over 80 deltakarar på samlingane sine til nå, og har god tru på at KRIK kjem til å halda oppe høg aktivitet på Lundeneset dette året. Og dei er svært klare på kva dei ikkje er: - Me er ikkje ein fotballklubb. På KRIK-samlingane har me leikar, me har stafettar og me spelar musikk og dansar. Dette er kanonkjekt, fortel gjengen som sit i styret.

Dei har samlingar annakvar måndag klokka åtte i gymsalen, og dei understrekar at dette er eit tilbod som og er ope for folk som ikkje går på Luneneset. - Her er alle velkomne, når me klarar å få aktivisert 80, skal me alltids klare å aktivisere endå fleire. Optimismen rådar, og det med god grunn: KRIK er ein solid og velrenommert organisasjon i Norge, og har sidan starten i 1981 arbeida seg opp til å bli ein av dei viktigaste organisasjonane for kristent ungdomsarbeid i Norge.

Du finn Facebook-sida deira her.

Nyheter fra lvs.no

Her finner du de siste nyhetene fra lvs.no.
Abonner på nyheter fra lvs (RSS)

Follow_on_twitter_small   Follow_on_facebook_small

De 10 neste hendelsene