logg inn eller søk:
Album Filmer Arkivet

Lagar ungdomssider for Dagen Magazinet

Helge Johan Stautland 13. oktober 2009
Ti elevar ved Lundeneset har fått i oppdrag å laga ungdomssider for Dagen Magazinet.
242
Ungdomsredaksjonen til Dagen Magazinet består av Anders Benno Petterson, Vegard Solberg, Linda Aase, Even Gulliksen, Marie Tokheim, Karl Erik Granberg, Maria Sandsmark, Karoline Lodden, Kristian Eiane og Anders Langeland. Foto: P. S. Bukkholm

Måndag 12. oktober kunne elevane sjå produksjonen sin på trykk, etter å ha arbeidd iherdig dei siste dagane før haustferien.

Temaet for dei første sidene var "sosiale medium", og gjennom artiklar, reportasjar og småstoff sette elevane fokus på ulike sider ved dagens Facebook-røyndom.

- Planen er å levera sider til DagenMagazinet tredje kvar måndag, opplyser Karoline Lodden i 3ME.

- Det er veldig gøy å sjå det vi lagar på trykk, og me har fått mange positive tilbakemeldingar, seier Maria Sandsmark.

Arbeidstittelen for dei neste sidene er "trynefaktor", og skal blant anna handla om kvifor så mange vil eksponera seg sjølv på fjernsyn.

Nyheter fra lvs.no

Her finner du de siste nyhetene fra lvs.no.
Abonner på nyheter fra lvs (RSS)

Follow_on_twitter_small   Follow_on_facebook_small

De 10 neste hendelsene