logg inn eller søk:
Album Filmer Arkivet

Lundeneset turforening

Kåre Vignes 6. oktober 2011
At lundenesingar er friskusar, veit alle. Dette året er friskuseriene organiserte i ei nystarta foreining: Lundeneset turforening.
381
Leiar i Lundeneset turforening, Mari Eggebø, freistar å visa noko av entusiasmen som pregar medlemmene. Ho lukkast.

Alle turforeningar treng ein leiar, og på Lundeneset er det tredjeklassing Mari Eggebø som står for organisering og generell leiing. Noko ho tykkjer er kjekt. - Å gå tur er for alle! Du treng ikkje ein gong å gå tur for å vera med i turforeningen! Alle får lov å vera med! 

Lundeneset turforening har eit poengsystem - der du tener opp poeng for kvar tur du går. - Det er enkle turar som gir få poeng, men så har me harde turar som gir mykje meir. Den tyngste turen - Bukkanibba - får du 20 poeng for, fortel leiar Eggebø.

Og som ei gulrot der framme: Dei som samlar over 50 poeng, er med i trekninga om gromme premiar. Men som alle som går på tur veit: Den verkelege premien er dei fine opplevingane du får ute i naturen. Det er sikkert alle i Lundeneset turforening aldeles einige i. Vil du bli med? Hykk tak i Mari! Aldeles gratis er det også.

Nyheter fra lvs.no

Her finner du de siste nyhetene fra lvs.no.
Abonner på nyheter fra lvs (RSS)

Follow_on_twitter_small   Follow_on_facebook_small

De 10 neste hendelsene