Det har lenge vore trongt om plassen når personalet skal eta lunsjen sin. Om eit halvt års tid vil dagens “krok” vere om lag dobbelt så stor. – Det er snakk om ei utviding til 70 kvadratmeter, og om ein reknar ein kvadratmeter per person, vil det då vere plass til 70 personar i den nye kroken, fortel driftsleiar Arne Voll.
Arbeidet med utbygginga er i gang, kledning har blitt fjerna og ein har grave opp og støy av grunnmur. I tillegg til større lunsj-rom for personalet, vil ein òg få på plass toalett og dusjfasilitetar for kjøkken- og reinhaldspersonalet. – Det vil òg bli eit lagerrom for bord og stolar, slik at ein skal sleppe å bere desse opp og ned trapper når ein har bruk for ekstra møblar i matsalen. Og det vil bli fleire toalett tilgjengelege frå hovudgangen, i dag er det litt få, seier driftsleiaren.
- Kva er kostnadene for prosjektet?
- Vi har ei ramme på 1,6 millionar kroner, og vi håpar at vi skal klare å halde oss innanfor denne, seier Arne Voll, og legg til at skulen får hjelp utanfrå, og at det er fleire som ikkje vil ha betaling for arbeidet.
Driftsleiaren ser heller ikkje bort frå at det kan bli snakk om dugnadsarbeid når ein skal i gang med snikkararbeidet.





















