logg inn eller søk:
Album Filmer Arkivet

Lundeneset utvidar elevtalet

Helge Johan Stautland 15. mars 2010
Lundeneset vgs i Ølensvåg har fått godkjenning for å auka elevtalet til 198 elevar frå og med neste skuleår.
Dei siste åra har skulen vore godkjent for 180 elevar. Søknaden om utviding blei send for eitt år sidan.
 
- Ein viktig årsak for utviding var meir fleksibilitet i klasseløysingar ved skulen. Eit høgare elevtal gir oss meir handlingsrom med tanke på korleis klassestrukturen blir sjåande ut, forklarer rektor Gustav L. Fosse.
 
Fosse forklarer at då Kunnskapsløftet vart innført i 2006, vart det òg strengare føringar på kor stor del av det samla elevtalet som kunne plasserast på dei ulike programområda hjå Lundeneset. Dette førte til at underskudd på eitt programområde ikkje automatisk kunne omsetjast til fleire elevar på eit anna programområde der søkinga var betre.
 
- Med utvidinga har me fått noko av denne fleksibiliteten tilbake, seier Fosse, som er glad for at Utdanningsdirektoratet såg skulen sine
behov.
 
Gustav L. Fosse legg til at auken i godkjent elevtal ikkje automatisk fører til fleire elevar ved skulen med det første. Dei siste åra har elevtalet lege på tett oppunder 180 elevar.

Nyheter fra lvs.no

Her finner du de siste nyhetene fra lvs.no.
Abonner på nyheter fra lvs (RSS)

Follow_on_twitter_small   Follow_on_facebook_small

De 10 neste hendelsene