logg inn eller søk:
Album Filmer Arkivet

Lundeneset utvidar staben

Helge Johan Stautland 24. mai 2011
Lundeneset har tilsett tre nye lærarar, to miljøarbeidarar og éin assisterande kjøken- og reinhaldsleiar.
361
Både Karoline og Karl Erik gler seg til miljøarbeidarjobben komande skuleår. Kanskje blir petanque ein ny aktivitetsslager? Foto: Marie Tokheim/LVS-arkiv.

Dei nye i lærarstaben er Marie Meidell Kristensen, Jenny og Arild Herigstad. Marie er gift med Frode, og tilsett i 100 prosent fast undervisningsstilling. Marie er frå Haugesund, har utdanning frå Høgskolen i Telemark og Universitetet i Agder. Ho kjem blant anna til å undervisa i norsk og mediekommunikasjon frå hausten av.

Jenny og Arild Herigstad er misjonærar i Peru, men kjem til Noreg til sommaren. Jenny er frå Ecuador og skal undervisa i spansk, medan Arild er frå Sandnes og skal undervisa i blant anna spansk og samfunnsfag. Til saman er paret tilsett i 120 prosent undervisningsstilling.

Skulen er òg glad for at to eittåringar er på plass til hausten. Både Karl Erik Granberg og Karoline Lodden er tidlegare elevar hjå oss. Karl Erik er frå Ølen, og Karoline er frå Stavanger. Miljøarbeid blir deira primære arbeidsoppgåver.

Ann Jeanette Brekkå er tilsett som assisterande kjøken- og reinshaldsleiar. Ann Jeanett og mannen Olav bur i Ølensvåg. Ann Jeanette er frå Hommersåk, og har tidlegare arbeidd ved Tryggheim. Ho startar i jobben i august i år.

Lundeneset lyste i vinter ut ein konkurranse der føremålet var å få tak i fleire lærarar. Konkurransen gav resultat, og er no avslutta. Den heldige vinnaren av ein iPad2 eller eit reisegåvekort er: Geirmund Monsen, Karmøy. Me gratulerer!

Nyheter fra lvs.no

Her finner du de siste nyhetene fra lvs.no.
Abonner på nyheter fra lvs (RSS)

Follow_on_twitter_small   Follow_on_facebook_small

De 10 neste hendelsene