Pengane dei rundt 60 elevane har samla inn går til Bolivia. Ved oppstarten av skuleåret sette dei seg som mål å støtta familien Ohma som er misjonærar for Norsk Luthersk Misjonssamband i Bolivia. Men etter eit overveldande resultat på misjonsløpet i fjor haust, bestemte dei seg for òg å inkludera familien Eggebø i innsamlingsprosjektet sitt.
– Eg må seie eg er veldig stolt over det me har fått til i løpet av året. Folk har ofra seg, fått tak i sponsorar til misjonsløpet, selt lodd i surt og kaldt ver. Men det betyr ikkje at me ikkje har hatt det kjekt. Det er ingen motsetnad her, meiner Notland, og nemner at russen òg har investert i si eiga russetid ved å arrangera til dømes blåtur, kafékveldar, Grand Prix og anna.
60 000 av det innsamla beløpet ønskjer russen å gi tilbake til skulen. Midlane er øyremerkte nytt treningsrom for elevane ved Lundeneset.
– Me synest det er viktig at noko av det me samlar inn går attende til skulen, avsluttar Notland.





















