logg inn eller søk:
Album Filmer Arkivet

Må rivast

Kåre Vignes 1. april 2011
Nybygget som dei siste månadane har reist seg utføre "Kroken" må diverre rivast. Årsaka er rett og slett at ein gløymde å legge inn avløpsrøyrfør ein starta arbeidet med å støypa fundamentet. Dette vart så ikkje oppdaga før toaletta skulle installerast denne veka.

- Det er heilt uforståeleg at dette kunne skje, seier byggjeleiar Magnus Samdal. - Eg hadde full tillit til at dei som støypte dekket hadde hugsa å setja inn avløpsrøyr, men så har ikkje skjedd. Då har me ikkje anna val enn å riva ned det me har bygd, fjerna halvparten av grunnmuren og så starta på nytt.

Rektor Gustav L. Fosse er ikkje særleg begeistra for det som har skjedd. - Det er trist og forsmedeleg. Dette viser nok ein gong at det er best å gjera ting sjølv og ikkje stola på andre, seier ein uvanleg kvass rektor. - At det går an å støypa dekke utan å hugsa på at toalett treng avløp, er så gale at eg ikkje har ord.

Det vart ei stund vurdert om nybygget skulle velga ei løysing med bio-toalett, men dette la dei kjøkkentilsette ned veto mot.

Nyheter fra lvs.no

Her finner du de siste nyhetene fra lvs.no.
Abonner på nyheter fra lvs (RSS)

Follow_on_twitter_small   Follow_on_facebook_small

De 10 neste hendelsene