- På Vg1 Medier og kommunikasjon er det 127 søkjarar til 15 plassar. Dette er same talet som i fjor. 70 søkjarar har programområdet som førsteval, 20 færre enn i fjor.
- På Vg1 Studiespesialisering er det 133 søkjarar til den eine klassen skulen har. 102 har dette som førsteval, 9 færre enn i fjor.
- På Vg1 Service og samferdsel er det 82 søkjarar til 15 plassar. 27 har dette som førsteval, 5 færre enn i fjor.
På Vg2 er det 98 søkjarar til 60 plassar, mot 117 i fjor. Den største nedgongen er til Vg2 Service og samferdsel, der det er 16 søkjarar mot 28 i fjor. På Vg3 er det 116 søkjarar til 60 plassar, som er 10 færre enn i fjor.
Rektor Gustav Løge Fosse gler seg over gode søkjartal. - Slik det ser ut no vil vi kunne fylle opp alle klassane neste år óg. På ei side er det positivt med oversøking, samtidig som det er trist å ikkje kunne tilby plass til mange som har eit stort ynskjer om å få byrja på skulen, seier han.
Han er lite bekymra over at det er ein viss nedgong. - Dette er truleg naturleg variasjon. Me har hatt svært høge søkjartal dei siste åra, og nokre vel nok å la vera å søkja på grunn av at det har vore høgt karaktersnitt. Samstundes minner dette oss på at me er sårbare, og at me må arbeide vidare for å gje eit best mogeleg tilbod til elevane, seier han.
Opptaket til Vg1 vil ikkje starte før søkjarar som berre har søkt gjennom VIGO har fått høve til å sende inn søknadsskjema og vedlegg. Opptaket her vil starte om 1-2 veker. På Vg2 og Vg3 er det mange eigne elevar som skal prioriterast, og desse vil ein starte opptak av tidlegare.




















