Amalie Lendl frå Helligvær og Line Martens frå Sandnes er brennklare for å starta på vegen mot førarkortet. - Eg skal ha lappen den dagen er blir atten. Det er litt over eit år til, seier Line bestemt. - Eg fyller atten om eit år og ein månad, men eg er usikker på om eg kjem til å ha som mål å ta lappen akkurat på dagen, seier Amalie.
Dei tykkjer det er greit å kunne ta kurset på skulen, og gler seg til å starte på vegen mot førarkortet. - Å ta lappen er jo ein stor ting for oss, og det blir velig kjekt å sleppa å måtta masa på folk om å kjøra oss rundt forbi, fortel to jenter som om litt over eit år sannsynlegvis har klart å skaffa seg sertifikat.





















