logg inn eller søk:
Album Filmer Arkivet

Middagsfest

Kåre Vignes 25. oktober 2011
Eit kryptisk "Middagsfest" var alt som stod på menyen tysdag 25. oktober. Kva i all verda kunne det vera?
383
Ingrid Brekke frå Toro diska opp med ein svær middagsbuffet.

Middagsfest er det forsåvidt ofte på Lundeneset. Komledagane er vel kanskje dei mest populære. Men å berre skriva middagsfest på menyen, er ikkje heilt vanleg. Me måtte difor lura oss inn på kjøkkenet rett før serveringa starta for å finna ut kva i all verda dette her var for noko.

På kjøkkenet fann me heile kjøkkengjengen i sving med å trylla fram alskens herligheter. Dei hadde fått besøk frå Ingrid Brekke frå Toro, som hadde med litt av det dei har å by på. Her var både kjøttboller, diverse salatar, pizzabaguettar og kyllingrullar. - Det er jo litt kjekt å gjera noko ekstra av og til, og dette er noko me har jobba for å få til i lang tid, fortel kjøkkenleiar Solveig Hetland. - Eg vonar det fell i smak, og at det er noko me kan få til seinare og, seier Solveig. Ingrid Brekke jobba i mange år i restaurantbransjen, før ho gjekk over til å jobba for Toro. - Det er kjekt å vera med på slikt som dette, og eg vonar elevane likar maten vår, seier ho.

Etter det me kunne observera, vart det ein aldri så liten fest av det, midt i kvardagen.

Nyheter fra lvs.no

Her finner du de siste nyhetene fra lvs.no.
Abonner på nyheter fra lvs (RSS)

Follow_on_twitter_small   Follow_on_facebook_small

De 10 neste hendelsene