logg inn eller søk:
Album Filmer Arkivet

Misjonsløp

Kåre Vignes 27. oktober 2011
Misjonsløp, seier du? Kva i all verda er det? Springande misjonærar. Vel, på Lundeneset er det først og fremst springande elevar.

Første gong eg opplevde misjonsløp på Lundeneset var hausten 2002. Eg tykte det var eit rart konsept. Og kunne ikkje forstå korleis i all verda det skulle bli pengar ut av at folk sprang rundt på skulen. At eg sponsa nokre av dei med ein hundrelapp tok eg ikkje så tungt. Eg hadde jo trass alt fått min første faste jobb, og hadde romslegare økonomi enn på lenge. Dei kunne vel umuleg springe så forferdeleg langt, var ikkje dette mest for ein slags koseleg marsj å rekna?

Du verda eg tok feil.

Du store all verda kor dei sprang. I to timar til endes. Rundt og rundt. Langt over 20 kilometer. Nokre nærmare tre. Hadde eg ikkje lukkast i å forhandla meg til ein kraftig reduksjon i sponsinga, hadde eg mest truleg dreve med nedbetaling på gjelda ennå. Det var ein tøff lærdom. Misjonsløpet skal ein ha respekt for. Eg trur dei fekk inn rundt 200 000 det året. Eg trudde ikkje mine eigne øyrer.

Kvart år tenkjer eg at det kan då ikkje fortsetja slik. Dei kan umuleg få inn meir pengar no. Dei må bli leie. Men nei.

Også russen dette året gjekk på med misjonsløp. Også russen dette året fekk med seg resten av elevane på ein gigantisk dugnad for misjonsprosjektet. Tysdag ettermiddag skjedde det. To timar med intens aktivitet, utdeling av saft og bananer, telling av rundar, svette og slit. Det er når ein opplever slike ting at ein verkeleg får trua på det gode i mennesket.

Den lengstspringande sprang 30 rundar. Det er tre mil. På to timar. Det er jo nesten ein marathon. Det er det me på Finnøy kallar gallskab. Den som samla inn flest sponsormidlar fekk inn 22 305 kroner på innsatsen sin. Til saman fekk dei inn nær ein halv million kroner til Mongolia. Kva anna kan ein seia enn at ein er stolt, imponert og takksam for å arbeida på ein stad med folk med eit slikt engasjement.

Takk til russen, takk til alle som sprang, og takk til alle som sponsa. De er alle heltar!

Ærbødigst

Kåre Vignes, informasjonsmedarbeidar

Her finn du bildeserie frå løpet. Fotograf: Andreas Solbakken

Nyheter fra lvs.no

Her finner du de siste nyhetene fra lvs.no.
Abonner på nyheter fra lvs (RSS)

Follow_on_twitter_small   Follow_on_facebook_small

De 10 neste hendelsene