logg inn eller søk:
Album Filmer Arkivet

Mottaket har starta

Kåre Vignes 20. august 2011
Det er laurdag føremiddag, og me er i gang med å ønska elevar og foreldre hjarteleg velkomne til Lundeneset!
365
Håvard Brekkå - tidleg på vakt i mottaksapparatet. Tre elevar hadde kome då dette biletet vart teke, så det var ein ikkje akkurat overarbeida Brekkå som poserer her. Det blir nok meir hektisk for neste gjeng.

Åpningsdag på Lundeneset - det er litt av ein dag. For mange starten på tre år med opplevingar som vil vera med resten av livet. I dag startar eit rekordstort kull på skulen vår, dersom ikkje nokon får den store skjelven over seg og reiser heim umiddelbart, blir talet 184 elevar.

Alle desse skal slusast innom mottaksapparatet vårt i løpet av dagen. Det er ikkje så komplisert som det høyres ut, det er berre ein lærar som gir ut ein nøkkel, viser fram rommet og skriv litt på ei liste. Men alle må i sving for at dette skal gå smertefritt for seg, rushtida plar vera ein gong mellom klokka ett og fem. Då strøymer det noko alvorleg på med folk.

Hjarteleg velkomne skal de vera, alle som ein!

Nyheter fra lvs.no

Her finner du de siste nyhetene fra lvs.no.
Abonner på nyheter fra lvs (RSS)

Follow_on_twitter_small   Follow_on_facebook_small

De 10 neste hendelsene