logg inn eller søk:
Album Filmer Arkivet

Reiselotteri

Kåre Vignes 1. september 2011
Elevlaget sitt reiselotteri har blitt eit svært populært innslag under Lundenesbasaren. Også dette året har du høve til å ta lodd og bli med i trekninga om reisegåvekort på til saman 17 500,-.
367
Slik ser eit reiselotterilodd ut. Og Per Ølfarnes. Lodda er til salgs, i motsetning til Per.

Lundenesbasaren går av stabelen 23. september, og dette er eit godt høve til å ta ein tur til skulen for å treffa gamle kjente og ta lodd for å vinna alskens trivelege gevinstar. Og nokre store. For det er inga tvil om at dersom du vinn førstepremien i reiselotteriet, vil dei 10 000 kronene klara å ta deg med på tur til ganske mange spanande destinasjonar. Du kan til og med ta med deg nokon og framleis komme eit godt stykke avgarde, til dømes varmare strøk når vinteren set inn om ikkje så lenge.

Det er Elevlaget som er ansvarlege for reiselotteriet, og kvart lodd kostar 100 kroner. Dersom du har lyst til å kjøpa lodd, kan du kontakta Leon Dyngeland, så fiksar han alt det praktiske. Du kan kontakta han på mail - ldyngeland@lvs.no - eller mobil - 90749748.

Nyheter fra lvs.no

Her finner du de siste nyhetene fra lvs.no.
Abonner på nyheter fra lvs (RSS)

Follow_on_twitter_small   Follow_on_facebook_small

De 10 neste hendelsene