logg inn eller søk:
Album Filmer Arkivet

Skal vere ferdig til fellesferien

Torleiv Åreskjold 16. desember 2009
Arbeidet med ny gang- og sykkelsti til Lundeneset er godt i gang. Tekst og foto er gjengitt med tillatelse frå lokalavisa Grannar.
256
Foto: Jon Edvardsen (Grannar)

Gang- og sykkelstien mellom Berge og Lunde i Ølensvåg er godt i gang. Den skal vere ferdig til fellesferien.

Tekst og foto: Jon Edvardsen (jon.edvardsen@grannar.no)

Ti millionar kroner av den statlege finanskrisepakken tidlegare år fekk pengane på plass for den 800 meter lange strekninga mellom Ølen Betong og Lundeneset vidaregåande skule. Anbodet med Brødrene Flatebø AS er 10 millionar kroner, inkludert vatn og kloakk som skal inn i traseen. Sjølve gangstien kostar rundt 8 millionar kroner.

Vil forlenge

Det er eit relativt dyrt prosjekt fordi det må tilførast store mengder steinmassar i leirgrunnen, pluss at det må lagast ein relativt stor mur mot West Contractors. Næringslivet har engasjert seg for å få forlenga gang- og sykkelstien ut til Kåta, men det er enno ikkje klart om det er finansiering til det. Næringslivet i Ølensvåg har sagt at dei er villige til å spytte litt i for å få forlenga sykkelstien, og grunneigarane har vore imøtekomande når det gjeld å avstå grunn.

Tar u-sving

Byggjeleiar Asbjørn Opedal i Statens vegvesen seier det først blir klart etter påske om det blir ledige midlar i det pågåande prosjektet, og om det er mogleg å finansiere forlenginga.
— Eg har ramma på 10 millionar, og skal vi bidra med meir, er det opp til politikarane å skaffe desse midlane, seier Opedal. Men det er alt no klart at u-svingen på Lunde delvis blir retta ut ved at entreprenør Flatebø skal sprenge den ut for å skaffe steinmassar til gang- og
sykkelvegen.
— Vi vil ta ein god del av dette berget. Om det blir gjort meir, veit vi ikkje enno, seier Peder Flatebø i Brødrene Flatebø AS. Gangstien mellom Lundeneset og Berge som knyter seg saman med gangvegen inn til E134 i Ølensvåg, er blant dei mest trafikkerte av mjuke trafikantar i distriktet. Den smale vegen har vore ei utrygg ferd for elevar på Lundeneset og arbeidstakarar på Westcon. Men til neste skuleår blir det gang- og sykkelsti på heile strekninga.

Nyheter fra lvs.no

Her finner du de siste nyhetene fra lvs.no.
Abonner på nyheter fra lvs (RSS)

Follow_on_twitter_small   Follow_on_facebook_small

De 10 neste hendelsene