logg inn eller søk:
Album Filmer Arkivet

Skulestart

Torleiv Åreskjold 14. august 2009
Det er skulestart på laurdag! Det er ei glede for oss å ønska deg velkomen til Lundeneset skuleåret 2009/2010!
187
Bjarte Nessa er klar. Er du?

Laurdag 15. august er det stor åpningsdag på Lundeneset. Frå klokka 11 har me folk på vakt som tek imot deg som kjem. Du får tildelt rom og nøklar, og kan byrja å flytta inn saker og ting i det som skal vera heimen din i eit år. Innkvarteringa varer til klokka 17. Så er det fest klokka 18, med tradisjonelt program - presentasjon av folk, andakt, song, kollekt, hyggeleg samvær.

Og sjølvsagt skal alle få mat denne dagen. Mellom klokka 15.00 og 18.00 blir det servert middag i matsalen. Etter det me har grunn til å tru skal me få servert lapskaus denne laurdagen. Etter festen blir det kaker og kaffi i teltet utforbi gymsalen. Alle elevar med foreldre og familie elllers er spesielt inviterte til festen! Når familien har reist vekk, blir det aktivitetar på plassen for alle.

På søndag reise me på tur. VG1 reiser til Ombo, VG2 til Solgry, medan VG 3 tek turen til Eidfjord. Dette blir ein tur der du skal bli betre kjent med dei som går på same trinn som deg - og det blir sikkert temmeleg gildt. Ta med sovepose, liggeunderlag, ryggsekk, fritidsklær og gode tursko.

Hjarteleg vel møtt!

Nyheter fra lvs.no

Her finner du de siste nyhetene fra lvs.no.
Abonner på nyheter fra lvs (RSS)

Follow_on_twitter_small   Follow_on_facebook_small

De 10 neste hendelsene