logg inn eller søk:
Album Filmer Arkivet

Snart klare for studietur

Helge Johan Stautland 1. april 2011
I slutten av neste veke dreg alle elevane ved Lundeneset på studietur. – Eg gler meg kjempemykje, seier Hanna Sofie Ness Haaland.
350
Alle i VG1 får oppleva jugendbyen Ålesund. Foto: FREEstockPhotos.se

Hanna Sofie og resten av elevane i VG1 skal på Noregstur, der målet er Ålesund. Turen har blant anna stopp i Bergen og Selje, og varer frå fredag 8. april til onsdag 13. april.

Elevar i VG2 og VG3 er fordelt på turar som går til Hellas, Malta og Roma. I tillegg skal nokre på ein interrailtur med stopp i blant anna Berlin og Paris.

Her finn du program for alle turane!

- Noko av det eg gler meg mest til, er shopping i Ålesund, seier Hanna Sofie. – I tillegg er det positivt at alle i VG1 reiser på tur saman, utdjupar ho.

Dei siste åra har Lundeneset hatt studieturar for elevane annakvart år, med ulike reisemål.

Nyheter fra lvs.no

Her finner du de siste nyhetene fra lvs.no.
Abonner på nyheter fra lvs (RSS)

Follow_on_twitter_small   Follow_on_facebook_small

De 10 neste hendelsene